Telemarklam AS er eigd av Bjørg og Kim på Taraldlien gard i Fyresdal. Vi har ca 140 vinterfora sau og er opptatt av at lamma garantert kjem rett frå fjellet, utan sluttforing på kraftfôr. 👍 Sauen beiter på frodige beiter i Telemark heile sommaren. Her har dei det fritt og godt i nærmast urørt natur. Vi vil servere deg eit reint naturprodukt. Det vil du merke på smaken! 😋 I tillegg får du ei blanding av pinnekjøt frå HEILE lammet i pakka.

Mykje meir kjøt for pengane 💰 Vi har testa ut fleire gonger at du med ei pakke har middag til minst 4 vaksne!

Vi er blitt omtalt i Telemarksavisa som luksuspinnekjøtt! 🙏 I år ha vi fått prisen for Årets lokalmatgründer og Bedriftsutviklingsprisen i Vestfold og Telemark.

I fjor fekk vi Spesialitetsmerket frå Stiftelsen Norsk Mat. Det er ein fagjury som har sagt dette om pinnekjøtet;

"Telemarklam pinnekjøtt er et særs kjøttrikt pinnekjøtt. Det er pent skjært, har en frisk duft og en delikat farge og fremstår helt uten saltutslag. Smaken er mild, men likevel rik og fyldig. Telemarklam pinnekjøtt er i særklasse i sin kategori"

Ved sidan av vår eigen produksjon byggjer vi Telemarklam som ei merkevare kor kunden skal vere sikker på at produktet garantert er rett frå fjellet. I denne merkevarebyggjinga har vi inngått samarbeid med fleire bøndar som får ekstra betalt for å levere lam til denne produksjonen. Desse varene blir distribuert i blant anna Meny butikkar i Vestfold-Telemark og nokre restaurantar.

Vi har eit tett samarbeid med Jens Eide slakteri i Lillesand, som slaktar og foredlar pinnekjøtet for oss etter vår oppskrift. Det er kun salta og turka, ikkje røykt.

Fenalår er klart til salg ca 1 desember.

For meir informasjon sjå www.telemarklam.no 😃

Produkter

1 kg
kr 599,00 per kg
1.5 kg
kr 749,00kr 499,33 per kg